Til hovedinnhold

Sommarskule i Alpbach

På denne campen samlar seksti teknologi- og realfagstudentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå seg. Målet er å utforma eit romprosjekt som skal løyse ei vitskapleg problemstilling. Søknadsfrist: 29. februar

Alpbach

Foto:

Kvar sommar møtest 60 unge realfags- og ingeniørstudentar i den vesle byen Alpbach i Østerrike.

I ti dagar deltar dei på eit sommarkurs for bachelor-, master- og doktorgradsstudentar der målet er å utforma eit romprosjekt som skal løyse ei vitskapleg problemstilling.

Temaet for sommarskulen 2024 er “Giant Planets and their Moons.

Kurset vil gå frå 9.-18. juli i Alpbach.

Det er FFG Aeronautics and Space Agency i Østerrike som samarbeider med ESA og nasjonale romorganisasjonar, mellom anna Norsk Romsenter, om å arrangere sommarskulen. Dette har vi gjort sidan 1975, og tilbakemeldingane frå dei norske kursdeltakarane er svært gode. 

 

Om kurset

På kurset blir dei 60 deltakarane frå ulike ESA-land delt inn i grupper for å løyse årets oppgåve.

Kvar gruppe skal jobbe sjølvstendig med å utvikle idear og mål for si misjon, finne ut kva slags instrument ho bør ha om bord, korleis utføre datainnsamling og -bearbeiding, rekne ut oppskyting og baneparametrar, lage eit kostnadsoverslag og ein tidslinje for prosjektet – kort sagt designe eit romprosjekt frå A til Å.

Til slutt presenterer dei fire gruppene arbeidet sitt for eit ekspertpanel. Er ideane gode nok, kan dei bli tatt med inn i ESAs planar for framtidige romferder.

Lange dagar, bratt læringskurve og utvida fagleg horisont ventar alle som deltek. Nyttige nettverk og nye venner er ekstrabonusar.

 

Stipend og søknad

Følg med på Alpbachs eigne sider for informasjon om søknadsprosedyrar, fristar og opptakskrav. Alle søknader vert sende inn elektronisk gjennom deira sider. Søknadsfrist 29. februar 2024.

Norsk Romsenter tilbyr eitt eller to stipend på 15 000 kroner kvar til deltakarar frå norske universitet eller norske studentar ved utanlandske universitet.

Vi får ei oversikt frå Alpbach over dei norske søkarane, så du treng ikkje ta kontakt med Romsenteret for å søke om stipend.

For meir informasjon