Til hovedinnhold

Aukar datatrygginga for rommet

ESA styrkar arbeidet innan datatrygging. Det er nyttig for Noreg.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
22. februar 2024
Datasikkerhet
DatasikkerhetIluustrasjon: ESA

Dataangrep kan ramme både enkeltpersonar, bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar, og føre til at livsviktige samfunnsfunksjonar som straumnettet, vassforsyninga, finansielle funksjonar, og forsyningslinjene for mat og medisinar, blir slått ut.

- Sidan sentrale samfunnsfunksjonar er meir og meir avhengige av satellittar, til kommunikasjon, navigasjon, vêrvarsel, overvaking av klima og miljø, og meir, høyrer satellittane og infrastrukturen rundt dei til systema som må vernast mot dataangrep, seier Steinar Thomsen, avdelingsdirektør innan satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

I Noreg er det Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) som er Noregs ekspertorgan for informasjons- og objekttrygging, og det nasjonale fagmiljøet for IKT-trygging. Denne etaten er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Steinar Thomsen er avdelingsdirektør innen satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

Steinar Thomsen er avdelingsdirektør innen satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

Foto: Trude Eng.

- Meir spesifikt er det Nasjonalt cybersikkerhetssenter i Oslo som oppdagar, handterer, analyserer og overvaker slike hendingar. Det blir gjort mykje på brei front i Noreg innanfor datatrygging, seier Thomsen.

I ei risikovurdering frå 2020 seier Nasjonalt tryggingsorgan at satellittbaserte tenester bidrar til betydeleg effektivisering og betre trygging på mange områder, samtidig som auka avhengnad kan representere ein sårbarhet.

Norsk romsenter har greidd ut den utsette stillinga til satellittnavigasjonssystema som blir brukte i Noreg. Kva skjer når desse systema sviktar? Les mer om det her.

To hovudkanalar for overføring av data

Ulike typar satellittar, om dei er militære eller sivile, for kommersielle formål eller forsking og utdanning, har ulik grad av datatrygging. Dette heng saman med verdien til tenestene dei leverer.

- Men alle satellittar er avhengige av at datanettverka dei er kopla til på jorda fungerer som dei skal, og er dermed sårbare for angrep på desse datasystema, seier Thomsen.

Satellittane sjølv har hovudsakleg to datakanalar. Éin for kontrolldata som styrer satellitten, og ein for nyttedataa frå systema om bord og som blir lesne ned til bakkestasjonar og sluttbrukarar rundt om i verda.

Nærgående asteroider, solstormer og dårlig romvær, og romsøppel er de største farene fra rommet.

Nærgående asteroider, solstormer og dårlig romvær, og romsøppel er de største farene fra rommet.

Illustrasjon: ESA

- Begge desse datakanalane kan vere utsette for både tilsikta og utilsikta forstyrringar. Dei utilsikta, som til dømes forstyrringar i ionosfæren, romvêr , kosmisk stråling, eller feil på utstyr som skaper radiostøy, kan vere like skadelege som tilsikta forstyrringar, seier Thomsen.

Satellittoperatørane sørger for datatrygginga til satellitten sine, medan brukarar av systema på bakken må ta ansvaret for å ta seg av forstyrringar her.

Eige senter for datatrygging

Den europeiske romorganisasjonen ESA ønsker å verne satellittar, romsondar og annan infrastruktur i rommet og på bakken. Romorganisasjonen har derfor oppretta eit eige senter for datatrygging for rominfrastruktur og kritisk infrastruktur i avdelinga si i Belgia.

ESAS Cyber Centre of Excellence skal utvikle, integrere og teste avansert teknologi og løysingar innan datatrygging. Senteret tilbyr mellom anna trening, datadeling, risiko- og sårbarhetsanalyser, kunnskapsdeling, forsking, og testing av tryggingssystem.

ESAs bakkestasjon i Redu i Belgia. Romorganisasjonens bakkestasjoner over hele verden kommuniserer med satellitter og romsonder via avanserte telekommunikasjonsystemer.

ESAs bakkestasjon i Redu i Belgia. Romorganisasjonens bakkestasjoner over hele verden kommuniserer med satellitter og romsonder via avanserte telekommunikasjonsystemer.

Foto: ESA/D. Galardini

Dette senteret er støtta av mellom anna ESAs program for utvikling av ny kommunikasjonsteknologi - BLIR ARTA, EUs forskingsprogram Horizon2020, og datatryggingsfirmaet RHEA Group.

Senteret har så langt 23 tilsette og har omsett for meir enn 5 millionar euro på sal av trening og andre tenester innan datatrygging til blant rombransjen, offentlege etatar, helsetenester og energisektoren.

Nyttig òg for Noreg

ESA samarbeider dessutan med European Defence Agency innan datatrygging, med mellom anna deling av informasjon og ekspertise, trening av personell, og tilgang til infrastruktur. Romorganisasjonen styrkte nyleg dette samarbeidet.

Thomsen konstaterer at ved å etablere eit senter for datatrygging for romsystemer og å styrke samarbeidet med European Defence Agency, har ESA sett datatrygging på agendaen. Slik framhevar romorganisasjonen at satellittar og infrastrukturen i rommet er vital for alle samfunnsområde.

- Det er nyttig òg for Noreg at ESA har fokus på datatrygging, mellom anna sett i lys av dei nasjonale satellittane våre, avsluttar Thomsen.

ESA utviklar mellom anna nye former for kryptering, til bruk for datasystem i rommet og på bakken. Les meir om det her.

Kontakt

Steinar Thomsen - Avdelingsdirektør, satellittnavigasjon - Norsk Romsenter - 911 04 385