Bli med på Spaceport Norway 2022!
25. og 26. oktober på Gamle Deichmanske Bibliotek i Oslo.
Berit Ellingsen
7. februar 2024
Spaceport Norway samlar representantar frå romindustrien og romorganisasjonene med investorar, avgjerdstakarar, oppstartsbedrifter, nyutdanna og studentar.
Målet er å leggje til rette for utveksling av nye idear, moglegheiter og samarbeid i og med rombransjen.
Årets Spaceport Norway blir halde 25. og 26. oktober på Gamle Deichmanske Bibliotek på Hammersborg i Oslo.
Fullt program, påmelding og nyhende om konferansen finn du her.
Utviklinga av ein ny romindustri
Ramma for årets konferanse er at det er på tide å vere modigare.
- Vi har mange utfordringar i verda i dag, som klimaendringar, geopolitisk uro, tilgang til energi og meir. På mange av desse områda kan romindustrien vere ein viktig del av løysinga, seier Ole Dokka, utviklar og arrangør av Spaceport Norway.
Derfor blir rombransjen meir og meir relevant, òg for andre industriar. Tida er inne for å satse meir på rommet og utvikle romindustrien ytterlegare.
Foto: ESA
Opningstalaren på konferansen er Geraldine Naja, direktør for kommersialisering hos ESA og leiar av romorganisasjonens samarbeid med den europeiske romindustrien.
Christian Hauglie-Hanssen, administrerande direktør for Norsk Romsenter, vil halde ein presentasjon om Noregs framtid og posisjon som romnasjon i Europa.
Rolf Skatteboe, direktør for Kongsberg Satellite Services (KSAT), vil snakke om vegen vidare for ei allereie godt etablert og suksessrik rombedrift.
Næringsministeren kjem
- I Noreg får vi kapasitet til å skyte opp kommersielle småsatellitter på Andøya Space frå 2023. Dette er eit paradigmeskifte og veldig spennande for Noreg. Kva verdiar det kan skape nasjonalt og internasjonalt skal utforskast på konferansen, seier Dokka.
Derfor er ein av hovudtalarane i år næringsminister Jan Christian Vestre (Ap). Han vil presentere regjeringas visjonar for utviklinga av romindustrien i Noreg.
Fleire av leiarane ved Andøya Space vil fortelje om den nye oppskytingsbasen for småsatellitter som er under bygging og kva industrimoglegheiter det vil gi.
Illustrasjon: BIG.
Desse innlegga blir følgd av presentasjonar frå selskap som no posisjonerer seg for å bli ein del av den nye verdikjeda.
- Vi freistar å nytte eit litt anna format i år samanlikna med tidlegare konferansar, der dei fleste av føredraga er kortare og gir meir tid for gode diskusjonar moderert av ekspertar frå Norsk Romsenter. Eg har stor tru på at dette vil skape meir dynamikk og verdi, både for føredragshaldarar og publikum, seier Dokka.
Det første masterprogrammet i romteknologi
På dag to handlar det framleis om å vere modigare, med fokus på rollene som forsking og akademia kan spele i den nye romindustrien, og den svært spennande framtida for utviklinga i rommet.
Her skal Cecilie Rolstad Denby, leiar for Institutt for teknologisystem ved UiO, presentere det nye masterprogrammet i romteknologi som instituttet vil tilby frå hausten 2023, det første av sitt slag i Noreg.
Det blir dessutan presentasjonar frå SmallSatLab ved NTNU, FFI og Andøya Space om forsking, utdanning og romindustrien.
Framtida i rommet og utforskinga av solsystemet er temaet for den siste delen av konferansen, med presentasjonar av mellom anna Pete Worden. Han er tidlegare leiar for NASA Ames som no jobbar for det private romforskingsinstituttet Breakthrough Foundation på jakt etter liv utanfor jorda.
Foto: Fleming Leitorp
Avslutingspresentasjonen for konferansen blir halden av Jakob Lange, arkitekt ved Bjarke Ingels Group (BIG) og leiar for romaktivitetane i selskapet.
- Lange og BIG er verdskjente arkitektar som har utvikla bygg til bruk på månen og Mars, mellom anna i samarbeid med NASA. Dei har analysert kva som skal til for at menneske skal kunne bu på andre planetar og gitt forslag til korleis det kan løysast, så dette blir veldig spennande, seier Dokka.
Nordic Launch
Den europeiske romorganisasjonen ESA har Business Incubation Centres i alle dei nordiske landa, inkludert i Noreg.
ESA BIC-sentra støttar bedrifter som ønsker å bruke romteknologi eller data frå rommet til nye produkt og tenester på jorda, eller som vil vidareutvikle eigne produkt og teknologi for bruk i rommet.
Illustrasjon: Spaceport Norway
ESA BIC-sentra i Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Estland har gått saman om eit felles akseleratorprogram kalla Nordic Launch.
Spaceport Norway er samarbeidspartnar med Nordic Launch, og meir enn 60 deltakarar frå akseleratorprogrammet blir med på årets konferanse og vil presentere ideane sine her
Blir støtta av Norsk Romsenter
Norsk Romsenter støtter Spaceport Norway 2022.
Andre sponsorar i år er blant annet Centre for Space Sensors and Systems (CENSSS), Andøya Space, Kongsberg Defense & Aerospace, Equinor, Clara Venture Labs, Eidel, IDEAS, Isar Aerospace, Inventas og EM Logic.
- Støtte frå Norsk Romsenter er som alltid svært viktig. Det er spesielt gledeleg at vi har fått med mange nye sponsorar i år, ikkje berre romteknologiselskap men også industrigigantar som Equinor, seier Dokka.
Illustrasjon: BIG
Det synest han er svært spennande og gjer det mogleg å utvikle ein konferanse i det noverande formatet. Sponsorane gjer det òg mogleg å gi 100 studentar gratis deltaking på Spaceport Norway 2022, noko som var eitt av måla for årets konferanse.
- Studentane er ekstremt viktige og representerer framtida i norsk teknologindustri og romverksemd, seier Dokka.
Han konstaterer at 100 studentar på Spaceport Norway betyr 100 talentar som kan skape verdi for industrien.
- Vi har aldri hatt fleire sponsorar for Spaceport Norway enn i år, eller fleire utstillarar og deltakarar påmeldt tidleg. Årets Spaceport Norway blir den største vi har gjort hittil, og neste gang må vi kanskje tenke endå større. Dette blir veldig bra, avsluttar Dokka.
Kontakt
Ole Dokka – Arrangør og utviklar – Spaceport Norway – 902 15 376