Dei nye norske satellittane
Fleire norske satellittar vil bidra til større nasjonal eigenevne i rommet. Kva skal dei
nyttast til?
Berit Ellingsen
6. februar 2024
Noreg har fleire nasjonale satellittar i bane. AIS-satellittane og NorSat-satellittane held auge med skipstrafikken, utfører mellom anna solforsking og testar ny teknologi.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 er utvikling av kommunikasjonssatellittar som skal dekka brukarbehov i nord og satsing på ein konstellasjon av småsatellittar for maritim overvaking, to av hovudområda for Noregs aktivitetar i rommet.
Akkurat no er fleire nye norske satellitt-prosjekt under utvikling. Tre av desse er Arctic Satellite Broadband Mission, NorSat-TD og MicroSAR.
Arctic Satellite Broadband Mission
Arctic Satellite Broadband Mission (ASBM) er to satellittar skal gje tilgang til breibandkommunikasjon i nordområda. (Se og bilete øverst i artikkelen.)
I nordområda er tilgang til internett gjennom breibanddekning ikkje spesielt utbreidd, og kommunikasjonstenester ved bruk av eksisterande satellittkapasitetar er anten utilgjengelege, strekk ikkje til eller er ustabile.
Det skapar mellom anna utfordringar knytt til tryggleik og beredskap, slik som sjøredning, oljevern og forsvar.
Foto: Norsk Romsenter
Betre kommunikasjonskapasitet vil òg vere viktig for verdiskaping og arbeidsplassar i nord, i alle typar aktivitetar, frå fiskeri til forsking. Det gjeld spesielt aktivitetar som er avhengige av effektiv kommunikasjon på land, til havs eller i lufta.
Det er dessutan eit strategisk fortrinn at Noreg har sin eigen nasjonale kommunikasjonsinfrastruktur her.
Både sivile og militære kundar
ASBM blir utvikla av Space Norway, eit norsk statleg eigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet, i samarbeid med Forsvarsdepartementet og den internasjonale satellittoperatøren Inmarsat.
Kundane til tenestene frå ASBM blir derfor både sivile så vel som militære instansar, inkludert det amerikanske forsvaret.
Foto: ESA
Med dei nye norske satellittane får Inmarsats verdsomspennande nettverk for raskt breiband, kalla Global Xpress, solid dekning òg i nordområda. Global Xpress blir brukt av både skip og fly, og av private så vel som offentlege aktørar over heile verda, mellom anna norske reiarlag.
ASBM skal skytast opp med SpaceX og opererast av Space Norway. Kvar satellitt vil vege cirka 2000 kilo og gå i polar bane.
NorSat-TD
NorSat-TD skal teste nye teknologiar og operasjonar for norske bedrifter, etatar og internasjonale samarbeidspartnarar.
Det vil bidra til kompetansebygging i norsk romsektor på fleire område, mellom anna innan avansert kommunikasjonsteknologi, operasjon og kontroll av satellittar i rommet.
NorSat-TD skal teste kommunikasjon mellom satellitt og bakkestasjon ved bruk av optisk laserkommunikasjonsteknologi. Dette blir gjort i samarbeid med den nederlandske romorganisasjonen Netherlands Space Office.
Foto: TNO
Det franske selskapet ThrustMe og den franske romorganisasjonen Centre National d'Études Spatiales (CNES) skal teste ein ny elektrisk rakettmotor som bruker jod som drivstoff på NorSat-TD.
NorSat-TD har òg ein ny og liten laserreflektor frå det italienske forskingsinstituttet Istituto Nazionale di Fisica Nucleare. Han skal måle avstand og posisjon til satellitten. Slike data blir brukt til mellom anna satellittnavigering og geodesi.
Blir skoten opp i 2023
Også ein ny og forbetra kommunikasjonsteknologi, VHF Data Exchange System, for toveiskommunikasjon mellom satellittar, skip og land skal testast med NorSat-TD. Dette systemet kan bidra til utviklinga av eit robust smalband-nettverk i nordområda.
Dessutan har NorSat-TD ein femtegenerasjons AIS-mottakar om bord. Han skal spore skipstrafikk og forske på å bruke internett åt tinga våre i Arktis.
NorSat-TD blir cirka 30 x 30 x 40 centimeter stor og veg 35 kilo. Han skal etter planen skytast opp tidleg i 2023 med SpaceX.
MicroSAR
MicroSAR er ein ny norsk radarsatellitt som skal brukast til maritim overvaking. Denne satellitten kan oppdage relativt små fartøy over eit stort område kvar gong han passerer og ser ned frå om lag 600 kilometer over vassflata.
MicroSAR har avansert teknologi som gir bilete med høgare oppløysing og større dekningsområde enn det som har vore mogleg med liknande satellittar til no. Radaren gjer at satellitten kan sjå endåtil om det er mørkt eller overskya.
Illustrasjon: SSTL
Maritim overvaking blir brukt til å hevda norsk sjølvråderett, overvaking av skipstrafikk, kampen mot ulovleg fiske, oppdaging av oljesøl, redning til havs og meir. MicroSAR vil òg ha ein AIS-mottakar om bord for å kunne verifisera identifikasjonen til fartøy som har vorte oppdaga ved hjelp av radaren til satellitten.
Denne nye satellitten skal primært dekke norske samfunns- og styremaktbehov, men også levere tenester til ein global kommersiell marknad.
Norsk romindustri er med
MicroSAR blir utvikla av Space Norway saman Forsvaret, som blir satellittens hovudkunde. Nyttelasta blir levert av dei norske selskapa WideNorth, Eidsvoll Electronics, Kongsberg Seatex og Forsvarets forskingsinstitutt.
Sjølve satellittplattforma og radarantenna til MicroSAR blir levert av det britiske firmaet Surrey Satellite Technology Ltd.
Foto: KSAT
Med i samarbeidet er òg Kongsberg Satellite Services, som skal etablere og drifte bakkesystemet til MicroSAR, og levere tenester og produkt frå satellitten til ein nasjonal og internasjonal marknad.
MicroSAR veg omtrent 300 kilo og vil gå i cirka 600 kilometers høgde i polar bane. Den første MicroSAR-satellitten skal skytast opp med ein Falcon 9 bererakett frå SpaceX.