Til hovedinnhold

Ein ny generasjon vêrsatellittar er på veg

Meteosat Third Generation vil gi meir nøyaktig langtidsvêrvarsel i Noreg.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
12. mars 2024
Den første satellitten i Meteosat Third Generation ble skutt opp i desember 2022.
Den første satellitten i Meteosat Third Generation ble skutt opp i desember 2022.Illustrasjon: ESA

Den første satellitten i Meteosat-serien vart skoten opp allereie i 1977. Sidan den gong har disse satellittane vore sentrale for vêrvarslinga i Europa.

Den siste satellitten i den andre generasjonen av Meteosat-serien, Meteosat Second Generation (MSG), vart skoten opp i 2015.

No byrjar etterfølgjaren, den første satellitten i den tredje generasjonen, Meteosat Third Generation (MTG), å bli ferdig.

Har norsk teknologi ombord

MTG vil bestå av i alt seks satellittar. Fire av dei skal ta bilde i synleg og infraraudt lys av vêrsystem og skyer. Desse satellittane vil òg kunne sjå lyn i sanntid, og dessutan aerosolar i atmosfæren som ofte stammar frå skogbrann, vulkanutbrot eller forureining.

To av dei nye MTG-satellittane vil ha infraraude instrument som måler temperatur og fukt i fleire lag i atmosfæren. Dei vil mellom anna kunne sjå farlege stormar tidlegare.

Den første satellitten i Meteosat Third Generation ble skutt opp i desember 2022.

Den første satellitten i Meteosat Third Generation ble skutt opp i desember 2022.

Foto: Thales Alenia Space

Som dei andre satellittane i Meteosat-serien vil tredje generasjon gå i geostasjonær bane, cirka 36 000 kilometer over ekvator. Til saman vil MTG-satellittane gi meir enn 100 gangar meir data samanlikna med satellittane i Meteosats andre generasjon.

MTG-satellittane blir levert og skote opp av den europeiske romorganisasjonen ESA. Kongsberggruppa har bidratt med teknologi til desse satellittane, som blir bygde av romindustrigiganten Thales Alenia Space.

Den første MTG-satellitten, som ser i optisk og infraraudt lys, skal etter planen skytast opp mot slutten av 2022.

Viktig for dei lange tidsseriane

- Den tredje generasjonen av Meteosat-satellittar vil ha høgast oppløysing på lågare breiddegradar, og vil vere viktig først og fremst for dei globale vêrmodellprognosane vi bruker som utgangspunkt for varsla våre, og særleg for langtidsvarsla, seier Lars-Anders Breivik, forskingsdirektør ved Meteorologisk institutt.

Det europeiske regnesenteret i England, ECMWF, vil bruke data frå MTG som viktige inngangsdata i 10-døger-prognosane sine. Desse prognosane bruker Meteorologisk institutt som utgangspunkt for lokale vêrprognosar.

- MTG vil gi oversynsbilete av vêret i heile Europa kvart 2,5 minutt, noko som vil gi forbetra vêrovervaking og korttidsvarsling lengre sør på kontinentet, seier Breivik.

Fire av de seks nye MTG-satellittene vil kunne se lyn i sanntid over hele jorda.

Fire av de seks nye MTG-satellittene vil kunne se lyn i sanntid over hele jorda.

Foto: ESA

Kontinuiteten av dei lange dataseriane frå Meteosat-satellittane vil òg vere svært viktig.

- Dei gir viktige tidsseriar for meteorologi, oseanografi og klimaovervaking, også her i nord, seier Breivik.

Vêrvarslinga i Noreg bruker meir data frå polarbanesatellittane i  MetOp-serien. Dermed er Norge og meir involvert i utviklinga av desse.

- Det er likevel både spennande og gledeleg at MTG-satellittane no byrjar å nærme seg oppskyting, seier Breivik.

Har hatt fleire utfordringar

- Då den tredje generasjonen Meteosat-satellittar vart planlagt, vart det sett ambisiøse krav til både dekning, pekenøyaktighet og biletoppløysing, seier Terje Wahl, avdelingsdirektør for forsking og jordobservasjon ved Norsk romsenter.

Dei optiske MTG-satellittane kan ha ei oppløysing heilt ned til 0,5 kilometer, og treng spesialutvikla teknologi for å gjere dette. Dermed har utviklinga av MTG hatt fleire tekniske utfordringar, som no er løyste.

Hovedinstrumentet til den første satellitten i Meteosat Third Generation er ferdig bygget og testet.

Hovedinstrumentet til den første satellitten i Meteosat Third Generation er ferdig bygget og testet.

Foto: Thales Alenia Space

- I tillegg vart finansieringa av desse satellittane komplisert, spesielt med tanke på industrikontraktane som skulle delast ut i høve til finansieringa frå dei enkelte landa i samarbeidet, seier Wahl.

Pandemien har òg vore med på å forseinke bygginga av dei nye vêrsatellittane. Men no er den første MTG-satellitten klar for testane i vakuum og ekstreme temperaturar, som alle romfartøy må gjennom før dei kan skytast opp til rommet.

- Derfor er det svært gledeleg at dei ulike utfordringane no er løyste og at den tredje generasjonen Meteosat-satellittar tek store steg fram mot oppskyting, seier Wahl.

Kontakt

Lars-Anders Breivik – Forskningsdirektør – Meteorologisk insitutt – 917 50 623

Terje Wahl – Avdelingsdirektør, forskning og jordobservasjon - Norsk Romsenter – 901 24 850