Til hovedinnhold

Galileos nye teneste blir nøyaktig ned til 20 cm

Den nye høgnøyaktigheitstenesta er open og gratis for alle.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
6. februar 2024
Galileo-illustrasjon
Galileo-illustrasjonFoto: ESA/P. Carrill

Det europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo har opna ei høgnøyaktigheitsteneste. Tenesta gir posisjonsdata med horisontal presisjon ned til 20 centimeter og vertikal presisjon ned til 40 centimeter.

Galileo er eit europeisk satellittnavigasjonssystem som består av ein konstellasjon av satellittar i bane og bakkestasjonar over heile verda, og kan i dag brukast av rundt 3 milliardar menneske.

Data for posisjon, navigasjon og tid (PNT) frå Galileo blir brukt i alle former for transport, på land, til havs og i lufta. Men PNT-signal blir òg nytta innan mellom anna jordbruk, bygningsarbeid, offshoreverksemd, og til styring av store datasystem, finansielle transaksjonar, drift av straumnettet, og mykje meir.

Den nye høgnøyaktigheitstenesta kan brukast av alle som har rett mottakar for desse posisjonssignala. Standardtenesta til Galileo er allereie den mest nøyaktige av satellittnavigasjonssystema.

Åpner for nye bruksmåtar

- Galileos høgnøyaktigheitsteneste er no operativ, men med litt redusert yting i høve til det ho vil ha når ho er heilt ferdig utbygd. Det skjer i andre halvdel av 2024, seier Kjell Arne Aarmo, fagsjef innan Galileo ved Norsk Romsenter.

Fram til det vil det komma fleire referansestasjonar for Galileo, og høgnøyaktigheitstenesta og drifta vil bli optimalisert. Det gir også tid til å byggja eit brukarmiljø som kan ta den nye tenesta i bruk.

Nøyaktighet og dekning av Galileos nye tjeneste.

Illustrasjon: EUSPA 

Førebels er det berre nokre få mottakarar som kan nytta seg av tenesta, men det er forventa å auka mykje i tida framover.

- Det spesielle med denne tenesta er at ho er gratis, i motsetning til andre høgnøyaktigheitstenester for PNT. Det opnar for mange nye bruksmåtar og applikasjonar, som kanskje ikkje har slått an tidlegare fordi dei ikkje var vederlagsfrie, seier Aarmo.

I dag er dei mange bruksmåtane av PNT med på å driva den kommersielle utviklinga av nye tenester og applikasjonar av satellittdata. Dette er ein marknad som kjem til å veksa mykje framover, innan både PNT og andre område.

Fungerer også i nord

Sidan den nye tenesta er både gratis og har høg nøyaktigheit meiner Aarmo ho kan skapa store endringar i marknaden som bruker slike data.

- Men Galileo si nye teneste vil ikkje vera heilt det same som dei kommersielle høgnøyaktigheitstenestene som allereie finst i dag, seier Aarmo.

Galileos nye tjeneste for høynøyaktige data for posisjon, navigasjon og tid har mange bruksområder.

Illustrasjon: EUSPA

Desse kommersielle PNT-tenestene leverer ein heil pakke, som mellom anna omfattar konsultasjon, brukarstøtte og garanti. Dessutan kan dei kommersielle PNT-tenestene tilby ei nøyaktigheit som er mykje høgare enn Galileos nye teneste.

- Spesielt spennande for oss her i Noreg er at Galileo er det einaste satellittnavigasjonssystemet med høgnøyaktigheitsteneste som fungerer på høgare breiddegrader enn 75 grader nord, seier Aarmo.

Norsk Romsenter har mellom anna planlagt å testa Galileos høgnøyaktigheitsteneste på ein isbrytar som skal gå til Nordpolen seinare i år, for å finna ut om det er mogleg å rekna med like høg nøyaktigheit i desse områda.

Tenester med høgare nøyaktigheit

- Til dømes leverer Kartverket ei PNT-teneste kalla CPOS, som er nøyaktig ned til ein centimeter. Den blir brukt til å laga kart og mellom anna av oppmålingsseksjonar i kommunane over heile landet, seier Aarmo. 

Andre kommersielle aktørar kan levera ei nøyaktigheit ned til nokre få millimeter. Galileo har ikkje planar om å gjera den nye tenesta meir nøyaktig enn ned til 20 centimeter.

For å gi nøyaktige data om posisjon, navigasjon og tid trenger Galileo dekning av fire satellitter samtidig.

Illustrasjon: EUSPA

- Det vil krevja eit endå tettare nettverk av bakkestasjonar og eit anna dataformat enn det som blir brukt i dag, seier Aarmo.

- EU har ikkje ønskt å laga ei teneste som konkurrerer ut allereie gode kommersielle suksessar og har derfor lagt seg på ei nøyaktigheit som er litt dårlegare enn det som ein får kjøpt til profesjonelle bruksmåtar.

 

Dei fleste mobiltelefonar nyttar seg av PNT-data frå Galileo, men vil ikkje automatisk kunna nytta den nye høgnøyaktigheitstenesta. Den krev ein eigen mottakar, fordi han sender på ein frekvens som ikkje blir brukt av mobiltelefonar i dag.

- Du kan likevel få inn signala frå den nye Galileo-tenesta via internett på mobiltelefonen. Slik omgår høgnøyaktigheitstenesta avgrensingane til mobiltelefonane, seier Aarmo.

Kontakt

Kjell Arne Aarmo – Fagsjef, Galileo – Norsk romsenter – 905 78 412