Kan satellittar nyttast i det nye norske naudnettet?
DSB og Norsk Romsenter har signert ein avtale for å undersøkja moglegheita av å nytta lågbanesatellittar i det nye naudnettet.
Berit Ellingsen
3. januar 2024
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har ansvaret for at viktige samfunnsfunksjonar har tilgang til eit trygt, robust og oppdatert kommunikasjonssystem. Det gjeld både i dagleg virke og ved større hendingar.
DSB eig det norske naudnettet, som vart etablert i 2010 og landsdekkjande frå 2015, og har ansvaret for forvaltninga og vidareutviklinga av dette.
DSB førebur eit nytt naudnett, som kan vera på plass etter 2030. Dette nettet skal i hovudsak etablerast med basis i kommersielle mobilnett, det vil seia 5G-nettverksarkitektur.
Naudnettet skal vera tilgjengeleg, trygt og hardført. Det gjeld i dag, men òg for naudnettet i framtida.
Nyleg signerte Norsk Romsenter ein avtale med DSB om eit prosjekt som skal undersøkje korleis satellittar kan nyttast i naudnettet som er under planlegging.
Les meir om det nye naudnettet her.
Kan ha fleire fordelar
Dagens naudnett nyttar berre geostasjonære satellittar, og som ein av fleire reserveløysingar til eller frå mobile basestasjonar.
- Det vil seia komponentar som kan fraktast ut og styrkja eller erstatta den permanente infrastrukturen ved bortfall, seier Rune Sandbakken, fagsjef innan satellittkommunikasjon ved Norsk Romsenter.
Tilgang til nye satellittsystem kan ha fleire fordelar og bidra til auka bruk.
NRS
- Det kan til dømes gjera oss mindre avhengige av enkeltsatellittar, samt gje lågare tidsforseinking og større datakapasitet. Ikkje minst betre dekning ved høge breiddegrader og i bratte dalføre kor geostasjonære satellittar ofte er ei utfordring, seier Sandbakken.
Derfor skal Norsk Romsenter bidra til at DSB får meir spesifikk kunnskap og erfaring om moglegheitene som sikker satellittkommunikasjon kan gi for dagens naudnett og det nye naudnettet.
Meir hardfør og auka datakapasitet
- Lågbanesatellittar har potensial for å gjera dagens naudnett meir hardført, og vil etter kvart kunna spela ei rolle i løysinga for nytt naudnett. Me er derfor veldig glade for at me no har etablert eit tett samarbeid med Romsenteret, seier Eline Palm Paxal, avdelingsdirektør i DSB
Den store forskjellen på dei ulike satellitt-typane er kapasitet og kostnad. Det opnar opp for nye bruksområde for beredskapen i Noreg
Fagsjef Rune Sandbakken, avdelingsdirektør Steinar Thomsen og administrerende direktør Christian Hauglie-Hanssen fra Norsk Romsenter, og administrerende direktør Elisabeth Aarsæther, nødnett-direktør Eline Palm Paxal og fagdirektør innen strategi Nina Myren fra DSB.
Foto: NRS
- På lågbanesatellittar er kapasiteten langt høgare enn satellittane som blir nytta i naudnettet i dag. Det gir moglegheiter for å senda video og opnar for mange brukarscenarium i framtida, seier Paxal.
Viktig kunnskap for bruk av EU-program
Prosjektet som er inngått mellom Norsk Romsenter og DSB får midlar fra ein post som Norsk Romsenter kan nytta til spesifikke prosjekt for å styrkja den nasjonale infrastrukturen. Aktivitetane i prosjektet blir administrerte av DSB og vil gå i eitt år frå prosjektstart.
- Dette inkluderer minst ein demonstrasjon av kva nye satellittkonstellasjonar kan bidra med, anten som ein integrert del av det operative nettet, eller som reserveløysingar, seier Sandbakken.
Norsk Romsenter arbeider også for at norsk industri, forskingsmiljø og forvaltning skal ha størst mogleg nytte av EU-programma. I framtida kan DSB bli brukar av satellittkommunikasjonstenester frå EU-programma GOVSATCOM eller EU Secure Connectivity.
IRISS er et europeisk system for sikker kommunikasjon via satellitt. Det vil bestå av satellitter i flere typer baner.
Illustrasjon: European Commission
- Kunnskapen som me oppnår i det nye prosjektet med DSB vil gi svært relevant underlagsinformasjon for dette, seier Sandbakken.
- Me ventar at eit slikt prosjekt gir både DSB, sentrale norske brukarar i statsapparatet og Norsk Romsenter ny kunnskap om ulike forhold om satellittkommunikasjon for bruksmåtar innan samfunnstryggleik, inkludert aktuelle brukarscenario, relevant informasjon om satkom og 5G-integrasjon, kostnader og tilpassingar, eller nødvendige vidareutvikling, seier Sandbakken.
Avtalen mellom DSB og Norsk Romsenter vart signert hos Norsk Romsenter den 12. mai 2023 av administrerande direktør for Norsk Romsenter, Christian Hauglie-Hanssen, og administrerande direktør for DSB, Elisabeth Aarsæther.
Kontakt
Rune Sandbakken – Fagsjef, satellittkommunikasjon – Norsk Romsenter - 979 85 122