Til hovedinnhold

Kva gjer du om telefonen din viser feil posisjon?

Feil posisjonsdata kan komma av dårleg satellittdekning, forstyrringar eller solstormar.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
2. januar 2024
Fyrtårn i pent vær.
Fyrtårn i pent vær.Foto: bigtau/123RF

I dag tek dei fleste mobiltelefonar inn data frå fleire av satellittsystema som gir nøyaktig posisjon, navigasjon og tid (PNT), mellom anna europeiske Galileo og amerikanske GPS. 

Desse satellittsystema dekkjer jorda så fullstendig at i teorien skal vi få nøyaktige posisjonsdata same kvar i verda vi er, anten om det er på fjellet, ved sjøen eller i byen.

Men nokre gonger kan mobiltelefonen visa feil posisjon. Kva kan vi som forbrukarar gjera då?

Kva gjer ein når satellittdekninga er dårleg?

- Når vi brukar posisjonsdata på mobiltelefonen lyt vi vera litt kritiske til data og følgja med på kvar dei leier oss, slik at vi ikkje endar med bilen i skiløypa eller på andre feil stader, seier Knut Espen Solberg, prosjektleiar innan satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

På fjellet kan høge toppar skyggja for satellittane, særleg om vi står nede i eit smalt dalføre eller ein trong fjord. Det kan òg skje om ein står i eit smau i byen eller er omgitt av høge bygningar.

- For å få rette posisjonsdata frå satellittane er fri sikt til himmelen viktig. Mistenkjer ein posisjonsfeil i ein slik situasjon er det best å flytta seg til ein meir eigna stad, seier Solberg.

Slike feil kan finnast om bord i skip som går i dei smale norske fjordane, som Geirangerfjorden. Då navigerer skipa i staden visuelt eller ved hjelp av radar.

Kva gjer ein ved forstyrringar?

- Er sikta til himmelen fri og ein mistenkjer forstyrringar i posisjonsdata på mobiltelefonen, må han skjermast for desse forstyrringane. Forstyrringane kan komma frå til dømes radiotårn eller andre typar sendarar, seier Solberg.

Ei løysing kan då vera å gå bak ein stor stein eller bygning for å skjerma mottakaren i den retninga forstyrringane kjem frå.

Bakkestasjonen til søk-og-redningsfunksjonen til Galileo på Svalbard.

Bakkestasjonen til søk-og-redningsfunksjonen til Galileo på Svalbard.

Foto: ESA/F. A. Lopez

- Den største utfordringa her vil vera å oppdaga kvar støyen kjem frå. Også i dette tilfellet er det einaste vi kan gjera å flytta oss til betre mottakarforhold, seier Solberg.

Det viktigaste er å ikkje stola blindt på mobiltelefonen, men vera litt kritisk til informasjonen han gir.

Nødpeilesendarar har ekstra tryggleik

Det europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo tek òg i mot signal frå nødpeilesendarar i det internasjonale Cospas-Sarsat-systemet og sender desse vidare til næraste redningssentral.

- Har ein problem med feil i posisjonsdata der ein er, kan nødpeilesendaren gi feil posisjonsdata. Men Cospas-Sarsat-systemet peilar også sendaren sjølv, slik at det blir to kjelder til posisjonsdata som gir ein ekstra tryggleik, seier Solberg.

I dag overfører nye nødpeilesendarar signalet via Galileo-satellittane til Cospas-Sarsat-systemet på berre nokre sekund, og sender beskjed tilbake om at signalet er motteke og at hjelpa er på veg.

Ny type nødpeilesender fra Jotron som kan sende nødsignaler til Cospas-Sarsat og få tilbakemelding fra Galileo.

Ny type nødpeilesender fra Jotron som kan sende nødsignaler til Cospas-Sarsat og få tilbakemelding fra Galileo.

Foto: Norsk Romsenter 

- Det gir ei ekstra tryggleikskjensle som kan få menneske i naud til å halda ut lengre medan dei ventar på hjelpa, og kan vera kritisk ved til dømes dårleg vêr på fjellet eller til havs, seier Solberg.

Ikkje minst gir den gode dekninga til Galileo-satellittane raskt posisjonen til dei som er i naud, noko som reduserer tida det tek for redningsmannskapa å finna fram.

Kva gjer ein ved solstormar?

Sikthindringar og forstyrringar på bakken er ikkje det einaste som kan gi feil posisjonsdata. Solstormar og romvêr kan forstyrra eller i sjeldne tilfelle slå ut satellittar og annan teknologi i bane.

- Solstormar gir problem for transportsektoren, kommunikasjon og system som krev heilt nøyaktige tidsdata. Det gjeld óg for bygging av infrastruktur, veg og anna som krev nøyaktige posisjonsdata, seier Pål Brekke, fagsjef innan romforsking ved Norsk Romsenter.

Heldigvis vil feil i posisjonsdata på grunn av solstormar bety mindre for dagleglivet til dei aller fleste, og mest vera upraktisk.

- Vi finn fram dit vi skal til slutt, det tek kanskje berre lenger tid. Men treng ein akutt hjelp gjennom til dømes 113-appen på mobiltelefonen, kan han gi feil posisjonsdata under solstormar, seier Brekke.

Det kan då bli vanskelegare å finna dei som er i naud, noko som kan gjera situasjonen meir akutt.

- Skulle ein stor solstorm skada fleire satellittar, eller i sjeldne tilfelle påverka straumnettet på bakken, kan det ha store følgjer for ei lang rekkje samfunnsviktige funksjonar, seier Brekke.

Derfor held romorganisasjonane godt auge med solstormar og romvêr rundt jorda. Les meir om det her.

Kontakt

Pål Brekke – Fagsjef, romforskning – Norsk Romsenter – paal.brekke@spaceagency.no