Til hovedinnhold

Kva skal til for å dyrka mat på månen?

Norske Solsys Mining undersøkjer korleis måneregolitt kan bli til næring for plantar.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
2. februar 2024
Konsepttegning av plantedyrking på månen.
Konsepttegning av plantedyrking på månen.Ilustrasjon: Solsys Mining

Framtidas månefararar må finna eller vinna ut mykje av ressursane dei treng, som energi, luft, vatn, mat og bygningsmateriale, frå det som finst på himmellekamen dei er. Dette blir kalla for "ressursutvinning på staden" (In-Situ Resource Utilization).

Skal astronautar klara å dyrka sin eigen mat på månen vil det lettast kunna gjerast ved å bruka månen sitt eige overflatemateriale, kalla regolitt.

- Prøver frå månen viser at regolitten har ein god del av grunnstoffa som trengst for at plantar skal veksa, men manglar somme, har lave konsentrasjonar av andre, eller er vanskeleg tilgjengeleg, seier Ethel Tolentino, forskingsleiar ved Solsys Mining.

Solsys Mining jobbar saman med Noregs geotekniske institutt (NGI) og Senter for Tverrfaglig Forskning i Rommet (CIRiS) i Trondheim i eit ESA-prosjekt som skal undersøkja korleis måneregolitt kan brukast til å utvikla næring for plantar.

Mekaniske og kjemiske metodar

- Me skal undersøkja både mekaniske og kjemiske metodar for å henta ut mineral frå regolitten som kan brukast for å gje næring til plantar. Enkelte samband i regolitten vil kanskje måtta bli konsentrert opp, medan andre kanskje må fjernast, seier Tolentino.

På jorda blir dette gjort ved hjelp av fleire ulike prosessar kjent frå gruveindustrien, mellom anna knusing, siling, og filtrering av mineral.

Laboratorieforsøk hos Norges geotekniske institutt.

Foto: Solsys Mining

Men miljøet på månen, som til dømes den låge tyngdekrafta, mangelen på atmosfære, store temperaturforskjellar, og eigenskapar ved regolitten sjølv, kan gjera at dei prosessane som blir brukte på jorda ikkje vil fungera der.

- Samtidig må prosessutstyret vera så lite og lett som mogleg for å redusera kostnadene for oppskyting og transport, seier Tolentino.

Dette er noko av det som prosjektet "Enabling Lunar In-Situ Agriculture by Producing Fertilizer from Beneficiated Regolith" skal undersøkja.

Søkte hos nytt innovasjonssystem ved ESA

- Me søkte på den europeiske romorganisasjonen ESA si Open Space Innovation Platform (OSIP) som støttar prosjekt på eit tidleg stadium for å vidareutvikla teknologi, tenester og applikasjonar frå jorda til bruk i rommet, seier Tolentino.

Solsys Mining hadde tidlegare jobba saman med CIRiS og studentar ved NTNU i ein konkurranse hos NASA og The Institute of Competitive Sciences, kalla Plant The Moon Challenge.

Labforsøk hos NGI for å undersøke om måneregolitt kan bli til matjord.

Foto: Solsys Mining

Dei fekk kontakt med NGI under ein In-Situ Resource Utilization workshop hos Norsk Romsenter i 2021 og søkte saman til ESA. Ein tredje aktør i prosjektet er Future Materials, eit norsk katapultsenter.

- Me fekk kontrakten på prosjektet med ESA i januar 2023. Me startar på prosjektet i april og skal arbeida med det i eitt år, seier Tolentino.

For å få meir kunnskap om måneregolitt bruker Oslo-firmaet ei etterlikning, såkalla måneregolittsimulant, som er basert på samansetninga frå prøver teke på månen under Apollo-programmet, men laga av mineral frå jorda.

I tillegg vil dei også testa resirkulering av restmateriale frå ei amerikansk bedrift som vil vinna ut metall på månen. Eit av måla er å på sikt bidra til eit industrielt økosystem.

Betre kommunikasjon om støtteordningane

Prosessane som Solsys skal gjera for å testa regolittsimulanten skal utførast hos bedrifta i Oslo og hos samarbeidspartnarane.

- Det blir veldig spennande å setja i gang, for sjølv om dette ikkje er eit stort prosjekt, opnar det forhåpentlegvis dørene for fleire og større undersøkingar innan det same feltet, og rettar fokuset på ressursutvinning i rommet for norske bedrifter og sektorar, seier Tolentino.

Ho konstaterer at Noreg potensielt har fleire bedrifter med både kunnskapen og teknologien som skal til for å kunna bidra i rommet.

- Men for å nå ut til desse bedriftene og få dei med på utviklingsspor fram til eit ferdig produkt eller teneste som kan brukast i rommet, trengst det både betre kommunikasjon om moglegheitene som finst, og gode støtteordningar for bedrifter som vil inn i romsektoren, seier Tolentino.

Kan måneregolitt brukes til å dyrke planter? Her labforsøk hos NGI.

Foto: Solsys Mining

Det gjeld spesielt for oppstartsbedrifter som Solsys Mining.

- Me synest det er flott at Noreg satsar på romteknologi og romforsking, og håpar å kunna vera med på å driva denne utviklinga framover, seier Tolentino.

Norsk romsenter støttar bedrifter som ønskjer å vidareutvikla sine produkt eller tenester til bruk i rommet, eller bruka data eller romteknologi til nye produkt og tenester på jorda.

Kontakt

Ethel Tolentino – Research Manager – Solsys Mining – ethel@solsysmining.com

Øystein Risan Borgersen – CTO – Solsys Mining - oystein@solsysmining.com