Til hovedinnhold

Pollenvarsel ned til 40 meters oppløysing

Airmine brukar satellittdata til å laga pollenvarsel med ekstrem nøyaktigheit. No blir tenesta ein app.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
4. januar 2024
Det norske firmaet Airmine har utvikla ei varslingsteneste som viser når og kvar det er spreiing av vanlege typar pollen.
Det norske firmaet Airmine har utvikla ei varslingsteneste som viser når og kvar det er spreiing av vanlege typar pollen.Foto: Airmine.no

Mellom 20 og 25 prosent av befolkninga i Noreg har ein eller annan form for pollenallergi. Det kostar samfunnet rundt 10 milliardar kroner per år i sjukefråvær, behandling, medisinar og meir.

Det norske firmaet Airmine har utvikla ei varslingsteneste som viser når og kvar det er spreiing av vanlege typar pollen som mange er allergiske mot, mellom anna frå selje, bjørk, gras og burot.

Denne tenesta bruker data frå miljøsatellitten Sentinel-2, saman med prøver teke på bakken, til å kartleggja ulike typar vegetasjon Noreg som kan gi allergi i.

Selt til fleire kommunar

Det generelle pollenvarselet frå Airmine har ei oppløysing ned til tre gonger tre kilometer. Firmaet sel også ei utgåve av pollenvarselet som har ei oppløysing ned til berre 40 gonger 40 meter.

Dette pollenvarselet har fleire kommunar i Noreg, som Bærum, Vestby, Hamar, Gjøvik og Ålesund, kjøpt og gjort tilgjengeleg på nettsidene sine.

Airmine sin Airmine Pollen app er tilgjengelig på Apple Appstore og Google Play.

Airmine sin Airmine Pollen app er tilgjengelig på Apple Appstore og Google Play.

Skjermbilde: Norsk Romsenter

- Det generelle pollenvarselet vårt er tilgjengeleg for heile Noreg via nettsidene våre. Det høgopplauslege kartet blir også brukt i den nye mobil-appen vår som heiter Airmine Pollen, seier Kristian Tangen ved Airmine.

Her får du varsel når det er mykje pollen i område du har merkt som favoritt. Denne appen vart nettopp lansert på både Apple Appstore og Google Play.

Brukast av ulike bedrifter

Også to norske kjeder av medisinleverandørar abonnerer på Airmines generelle pollenvarsel og brukar det på nettstadane sine.

- Den eine heiter Allergiguiden.no og er allereie ute på nettet. Den andre utgåva er for VitusApotek.no og blir å finna på nettet om kort tid, seier Tangen.

Den norske bedriften Airmines pollenvarslingstjeneste har en oppløsning ned til 40 meter.

Foto: Skjermdump 

Dessutan har leverandørar av digitale skjermar for informasjon og reklame kjøpt pollenvarslingstenesta til Airmine og viser den på skjermane sine. Desse er mellom anna i Østlandsområdet og i Stavanger.

- I løpet av det siste året har det skjedd mykje og me har fått stor merksemd i media, både i TV, aviser og radio. Det er stor interesse for tenestene me leverer og det er veldig gøy, seier Tangen.

Hjelp frå Norsk Romsenter og ESA

Airmines vert støtta av både Norsk Romsenter og Den europeiske romorganisasjonen ESA. Denne støtta skal brukast til å utvikla eit pollenvarsel for Sverige, til liks med Airmines generelle pollenvarsel for Noreg.

- Me skal òg laga eit høgoppløyseleg kart for pollenvarsel i Sverige. Det vil bli tilgjengeleg for kundar, som til dømes svenske kommunar, seier Tangen.

Skogbrannene (til høyre og midt i bildet) i Sverige sett av Sentinel-2 den 17. juli 2018.

Skogbrannene (til høyre og midt i bildet) i Sverige sett av Sentinel-2 den 17. juli 2018.

Foto: Copernicus/ESA

Airmine har ambisjonar om å utvikla liknande pollenvarslingstenester for andre land i Nord-Europa.

- Me er svært nøgde med samarbeidet med Norsk Romsenter. Det er veldig bra fagleg, og er økonomisk viktig for oss, seier Tangen.

Sentinel-2 og Copernicus

Sentinel-2 er ein av satellittane i Copernicus, EUs program for overvaking av klima og miljø ved hjelp av satellitt, som òg Noreg er med i.

Sentinel-2 ser i synleg lys og fleire bølgelengder av nær-infrarødt. Derfor ser Sentinel-2 spesielt godt egna til å studera vegetasjon og plantar. Data frå denne satellitten blir mellom anna brukte til å halda auge med utbreiinga og bruken av ulike typar plantar, og insekt som lever i eller av dei.

Sentinel-2 er en optisk satellitt som ser i farger og infrarødt for å holde øye med vegetasjonsdekke, skogmasse, jordbruk, plantevekst, elver, innsjøer, og kystlinjer.

Sentinel-2 er en optisk satellitt som ser i farger og infrarødt for å holde øye med vegetasjonsdekke, skogmasse, jordbruk, plantevekst, elver, innsjøer, og kystlinjer.

Grafikk: ESA

Også elvar og vassdrag, kystlinjer, snø, is og menneskeskapte strukturar synest godt på bileta til Sentinel-2.

Fleire norske etatar, forskarar, organisasjonar og bedrifter bruker dataa frå  Sentinel-2 og dei andre satellittane i Copernicus i arbeidet sitt. Les meir om det her

Kontakt

Kristian Tangen – Airmine – 924 69 400

Rune Sandbakken – Fagsjef, satellittkommunikasjon – Norsk Romsenter – 979 85 122