Til hovedinnhold

Rom-Europas viktigaste møte

Kva skjer på ESAs ministerrådsmøte og kva betyr det for Noreg?

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
6. februar 2024
ESA ministermøte 2016
ESA ministermøte 2016Foto: ESA/S. Corvaja

Kvart tredje år skjer eit viktig møte i Den europeiske romorganisasjonen ESA. Då kjem nemleg «romministrane» frå alle dei 22 medlemslanda saman til ministermøte.

Ministermøtet er det øvste avgjerdsnivået i ESA. Her blir budsjetta og regelverket for nye romprosjekt bestemt. I tillegg blir medlemskontingenten fastsett for dei næraste åra.

I Noreg er det Næringsministeren som er «romminister». I år er det Paris som er vertskap for denne storhendinga.

Det er slik mange ESA-aktivitetar i og for rommet blir finansierte, mellom anna innan bemanna romfart, utviklinga av nye romsondar og romteleskop som skal undersøkje solsystemet og endå lenger ut i rommet, satellittar som skal forske på jordas klima og miljø, utvikling av innovativ teknologi for telekommunikasjon og navigasjon, system for overvaking av romsøppel og andre farar frå rommet, utvikling av nye bererakettar og bakkesystem, og høve til kommersiell utvikling av produkt og tenester frå romteknologi for europeisk industri.

Ministermøte for ESA i 2012.

Foto: ESA/S. Corvaja

ESAs primære rolle er å utføre rom-aktivitetar som dei enkelte europeiske landa og bedriftene deira ikkje kan gjere åleine. Den romteknologiske utviklinga har etter kvart gjort det mogeleg for stadig fleire europeiske nasjonar å ha eigne satellittprogram, men det er framleis mykje som best kan gjerast i fellesskap gjennom ESA.

Det er på desse møta at Noreg viser kva romprosjekt vi ønskjer å prioritere i den kommande programperioden for ESA.

Nasjonane kunngjer kva dei vil investere i

Før ministermøtet utarbeider ESA forslag til prosjekt som dei ønskjer finansiering til, med tilhøyrande forskings- og utviklingsaktivitetar, kor mykje dette skal koste, korleis prosjekta skal utførast og rapporterast inn, og meir.

På ministermøtet deltek dei nasjonale romsentera i kvart av ESAs medlemsland, saman med representantar frå dei styrande departementa deira. Vanlegvis deltek ikkje den norske næringsministeren sjølv, men sender ein av statssekretærane i Nærings- og fiskeridepartementet i sin stad.

ESAs hovedkvarter i Paris.

Foto: ESA.

Under møtet deklarerer, det vil seie kunngjer, kvar stat til dei andre medlemslanda kor mykje pengar dei vil investere i kvart av prosjektforslaga ESA har lagt fram.

For at eit nytt stort ESA-prosjekt skal kunne starte, trengst ei total deklarering over eit visst beløp. Dersom prosjektet ikkje kjem over dette terskelbeløpet, blir satellitten, romsonden eller raketten ikkje bygd. Pengane som var sett av til dette føremålet kan dermed nyttast på eit anna ESA-prosjekt.

Under ministermøtet er det minst to deklareringsrundar for å klarleggje kva prosjekt som kan gjennomførast og kva som må skrinleggjast.

Obligatoriske og frivillige program

I ESA skil ein mellom obligatoriske og frivillige program. Dei obligatoriske programma blir finansierte av det som i praksis er medlemskontingenten til ESA.

Budsjettet til dei obligatoriske programma blir vedteke i fellesskap på ministermøtet. Her må nasjonane delta i samsvar med storleiken på landet og netto nasjonalinntekt. Noreg sin del av den samla medlemskontingenten er om lag 2,3 prosent.

Lydtett testkammer for satellitter ved ESTEC hos ESA i Nederland.

Foto: ESA

Kvart enkelt land bestemmer sjølv kva for nokre av ESAs frivillige program dei skal vere med på, og kor mykje dei vil finansiere desse programma.

Pengane som kvart land investerer i ESA sine prosjekt får landa tilbake i form av industrikontraktar, kontraktar for forsking og teknologiutvikling, og høve for både erfarne og nyutdanna kandidatar til å søkje jobbar i ESA.

Før ministermøtet har kvart av dei føreslåtte ESA-prosjekta vore gjennom ein lang prosess der romorganisasjonen har utarbeidd dokumenta som ministrane skal ta stilling til på møtet. I denne prosessen har Norsk Romsenter delteke aktivt på vegne av Noreg.

Avgjer land for hovudkontraktør

For det er dei største medlemslanda i ESA som brukar å bidra mest. Men det er også dei som får mest nytte tilbake av bidraga sine, spesielt ved å vere hovudkontraktør på større romprosjekt. Noreg har vore hovudkontraktør på enkelte forskingsstudiar.

ESAs bakkestasjon i Australia sporer og kommuniserer med romsonder over hele solsystemet.

Foto: ESA/S. Marti

Før ministermøta prøver ESA å vurdere kor mykje pengar dei ulike nasjonane vil satse på dei ulike prosjekta. På sjølve møtet ønskjer nasjonane gjerne å påverke desse prosjekta slik at dei passar betre med finansieringa som kvart land planlegg å gi.

Finansieringa av ESA sine prosjekt avgjer kva lands romindustri som skal vere hovudkontraktør på dei ulike prosjekta. Dette må det nokre gonger forhandlast om, kanskje spesielt mellom dei største landa i ESA, som er Frankrike, Italia, Storbritannia og Tyskland.

Vedtek rompolitiske fråsegner

Ministermøtet vedtek også rompolitiske fråsegner. Disse set den overordna ramma for ESA-programma, ei retning for aktivitetane.

I 2022 er det mellom anna det vidare samarbeidet med NASA om dei nye måneferdene og den planlagde romstasjonen i bane rundt månen som skal finansierast.

Oppskyting med Ariane 5 den 15. august 2020 ble sett av flere tilskuere på stranden i Kourou.

Foto: ESA/CNES

Det gjeld også den vidare utviklinga av ein ny og stor europeisk bererakett, ein ny type vêrsatellitt, nye kommunikasjonssatellittar og navigasjonssatellittar, innovasjon for reparering av satellittar i bane, eit nytt program for å analysere data frå klimasatellittar, utvikling av satellittar som skal halde auge med romvêret, og meir.