Til hovedinnhold

Store moglegheiter for norsk industri på romstasjonen, månen og Mars

ESA legg no planane for dei store romferdene som skal skje dei neste åra.

Skrevet av
Berit Ellingsen
Oppdatert
21. februar 2024
Romstasjonen sett i november 2021.
Romstasjonen sett i november 2021.Foto: NASA/ESA–T. Pesquet

Den europeiske romorganisasjonen ESA inviterer industrien i sine 22 medlemsland, mellom dei Noreg, til å komme med forslag til teknologi og potensielle leveransar til dei store romferdene som skal skje i løpet av dei neste åra.

Dette skjer gjennom publisering av tre såkalla Requests for Information (RFI).

- Industrien melder interessa si til ESA i tre ulike program, eitt for det som skal skje på månen, eitt for den vidare utforskinga av Mars, og eitt for det som skal gå føre seg på den internasjonale romstasjonen i bane rundt jorda, seier Arvid Bertheau Johannessen, fagsjef innan bemanna romfart og utforsking ved Norsk romsenter.

Dette er eit ledd i planlegginga av ESAS neste programperiode som startar i 2023 og varer i tre år framover.

Ope òg for forskingsmiljø

- ESA ønsker tilbakemelding både frå aktørar som kan leie store romprosjekt og industrikonsortium, men også frå underleverandørar og andre samarbeidspartnarar, som det fleire norske bedrifter er for romorganisasjonen i dag, seier Johannessen.

Dei tre interesseprogramma er primært retta mot industrileveransar, men også institutt og forskingsgrupper bør ha interesse av utlysninga.

Orion nærmer seg Gateway ved månen, med jorda og Mars i bakgrunnen.

Orion nærmer seg Gateway ved månen, med jorda og Mars i bakgrunnen.

Illustrasjon: NASA

- Å melde interessa si til desse programma krev ikkje spesielt omfattande dokumentasjon i den første runden, seier Johannessen.

ESA vil gå i tett dialog med kvar av deltakarane som blir valde ut i programmet for å jobbe fram dei beste løysingane.

I låg bane rundt jorda

Det første programmet heiter Services for Human Space Exploration – Meeting ESA's future Research and Astronaut Mission Objectives in Low Earth Orbit and Beyond.

Her ønsker ESA forslag til kommersielle aktivitetar som kan levere tenester til den internasjonale romstasjonen, men også i eit lengre perspektiv etter utfasing av romstasjonen.

Dette omfattar mellom anna tilrettelegging for forskingsprosjekt, teknologi til bomoduler og anna, og dessutan transport av forsyningar og astronautar.

Gassmåleren ANITA-2 skytes opp til romstasjonen 21. desember 2021. Til venstre er utgaven som sendes til romstasjonen. Den andre blir på jorda for eventuell feilsøking og annet.

Gassmåleren ANITA-2 skytes opp til romstasjonen 21. desember 2021. Til venstre er utgaven som sendes til romstasjonen. Den andre blir på jorda for eventuell feilsøking og annet.

Foto: SINTEF

Dette programmet har søknadsfrist 28. januar 2022 for korte samandrag av forslaget. Søknadsfristen for dei fullt detaljerte versjonane av forslaga er 31. mars.

I dag held den norske gassmålaren ANITA-2 auge med lufta på romstasjonen. Her kan du lese meir om vegen dit.

Nye månelandingar

Program nummer to heiter Future European Missions and Elements of Lunar Exploration.

Her skal eit gjenbrukbart romfartøy, kalla European Large Logistics Lander, frakte forsyningar til overflata på månen.

European Large Logistics Lander er et fartøy ESA skal bygge for logistikkoppdrag til månen i fremtiden.

European Large Logistics Lander er et fartøy ESA skal bygge for logistikkoppdrag til månen i fremtiden.

Illustrasjon: ESA

ESA ønsker seg forslag til nye måneferder, korleis ulike ferder kan hjelpe kvarandre, og utviklinga av nyttelast og andre system til desse ferdene.

Søknadsfristen for å sende inn forslag til dette programmet er 28. februar.

Clara Venture Labs (tidligare Prototech) i Bergen held på å utvikle eit energisystem til bruk på månen. Les meir om det her.

Den vidare utforskinga av Mars

Det tredje programmet heiter Future Elements of Mars Exploration. Det skal samle forslag til fleire romferder og konsept som ESA ser for seg til Mars. Desse er:

Mars Science Orbiter Mission with Aerocapture Demonstrator.

Mars Communication and Navigation Infrastructure (MARCONI).

Mars Long-Lived Weather Network Mission (FAHRENHEIT).

Mars Ice Access, Astrobiology and ISRU Demo mission.

Mars Advanced EDL Demo from LEO mission.

Mars Transit Habitat Ground Based Demonstration Facility.

Søknadsfristen for å sende inn forslag til Mars-programmet er 28. februar 2022.

Selfie tatt av roveren Perseverance, med den norske georadaren Rimfax ombord, og minihelikopteret Ingenuity i bakgrunnen på Mars.

Selfie tatt av roveren Perseverance, med den norske georadaren Rimfax ombord, og minihelikopteret Ingenuity i bakgrunnen på Mars.

Foto: NASA/JPL-Caltech 

I dag leitar roveren Perseverance, saman med den norske georadaren Rimfax, etter spor av vatn og liv på den raude naboplaneten vår. Korleis Rimfax vart den første georadaren på Mars kan du lese meir om her.

Informasjon for alle interesserte

Informasjonspakkene til desse programma er publiserte på ESAs portal ESA Star.

- Dei bør vere interessante, ikkje berre for dei som ønsker å sende inn forslag og melde interessa si no, men også for dei som ønsker eit innblikk i ESAS planlagde aktivitetar innan bemanna romfart og utforsking i åra framover, seier Johannessen.

ESAs strategigrupper for dei framtidige aktivitetane i låg jordbane, månen og Mars vil jobbe saman med kandidatane som blir valde ut i programmet. Desse strategigruppene har representantar i Noreg.

Slik kan en fremtidig base på månen se ut.

Slik kan en fremtidig base på månen se ut.

Illustrasjon: ESA

- Her har Noreg høve til å påverke, slik at område der norsk industri har noko å by på kjem høgare opp på lista over prioriteringar, seier Johannessen.

Store moglegheiter for norske aktørar

Han håper at norsk industri kan ta leiande roller i desse nye ESA-prosjekta og bruke informasjonen om dei til å posisjonere seg for kontraktar i åra som kjem.

- ESA vil vere direkte involvert i dei nye romferdene til månen og Mars, såg her opnar det seg store moglegheiter for framtida som det er viktig for norsk industri å vere med på, seier Johannessen.

ESA har fleire andre program for industri og forsking, og Norsk romsenter hjelper til med å formidle kontakten med ESA. Les meir om desse programma her.

Kontakt

Arvid Bertheau Johannessen – Fagsjef, bemannet romfart og utforsking – Norsk Romsenter – 950 38 958