Til hovedinnhold

Effektivt system for jernbane

Når det er feil på signalanlegga på jernbanen skaper det forseinkingar og problem for dei reisande. Bane NOR innfører derfor eit nytt felleseuropeisk digitalt signalsystem som heiter European Rail Traffic Management System (ERTMS).

Satellittnavigasjonssystema skal gjere jernbanen meir effektiv

Innføringa av ERTMS er eit av Noregs største digitaliseringsprosjekt og vil etter kvart nyttast på alle jernbanestrekningar i landet.

Foto: GSA

Dette digitale signalsystemet gjer at lyssignal som togføraren i dag får frå infrastruktur langs jernbanesporet i staden blir viste på ein skjerm inne i toget.

Denne informasjonen må overførast trådlaust frå basestasjonar langs jernbanesporet. Til det bruker Bane NOR det digitale kommunikasjonssystemet GSM-R. Fordi dette er eit digitalt system er tidssynkronisering viktig.

Derfor blir nøyaktig tid henta frå satellittnavigasjonssystem som GPS, og på sikt europeiske Galileo. 

Med tradisjonelle signalsystem er jernbanen delt inn i seksjonar kalla blokkstrekningar, og det kan berre kan vere eitt tog av gangen på ei blokkstrekning. Dette blir styrt ved hjelp lyssignal langs sporet.

Bane NOR bygger i dag ERTMS Level 2 som i framtida kan oppgraderast til Level 3. Level 3 bruker satellittnavigasjonssystem for posisjonering og gjer det mogeleg med flytande blokkstrekningar.

Dette gjer det mogeleg å utnytte sporet betre, resulterer i auka utnytting av sporet, forbetrakapasitet. Samstundes får ein færre komponentar i sporet som fører til mindre feil og lågare vedlikehaldskostnader.