Til hovedinnhold

Young Graduate Trainee hos ESA

ESA kunngjer kvart år ledige traineestillingar innanfor ulike fagområde for personar som nyleg har fullført ein mastergrad.

Young graduate trainee

ESA–G. Porter

ESA har om lag 100 ledige plassar for Young Graduate Trainee (YGT) for masterstudentar som har fullført utdanninga si. YGT dekkjer ulike fagområde innan ingeniørvitskap, forsking, forretningsdrift med meir.

Her får du sjansen til å arbeide innan ditt fagområde hos ESA i eitt år, med moglegheit for ei års forlenging.

 

Kven kan søkje?

For å være kvalifisert for trainee-programmet, må du være:

  • Student i siste år av ein mastergrad innan ingeniørvitskap, naturvitskap eller forretningsvitskap, eller nyleg avgangselev frå eit relevant masterprogram.
  • Statsborgar av ein av følgjande ESA-medlemsstatar: Noreg, Austerrike, Belgia, Tsjekkia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Ungarn, Irland, Italia, Luxembourg, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Spania, Sverige, Sveits og Storbritannia. Borgarar frå Latvia, Litauen, Slovakia og Slovenia som assosierte medlemmer, eller Canada som samarbeidsstat, kan også søkje, samt dei frå Bulgaria, Kroatia og Kypros som europeiske samarbeidsstatar.
  • Fullført mastergrad innan den tida du startar arbeidet ved ESA.

For meir informasjon